Sterk prestasjon
Høgt oppe blant verdas beste.
Av Irene Mæland Haraldsen
Sidan hans første løp innan eliteklassen i terrengsykkel har Lars Granberg sykla seg jamt og trutt oppover. På søndag gjorde han sitt beste løp nokon gong.
Terrengsyklisten frå Ølen er nøgd med ein 11. plass i verdscuprittet i Austerrike i helga.
— Løpet gjekk fint. Det var hardt, men løypa passa meg bra. Det var ei variert løype med masse bakkar. Løypa var teknisk krevjande, seier Lars Granberg på telefon til Grannar.
Han opna litt for roleg og tapte nok litt i starten. På den 105 km lange terrengløypa brukte han rundt fem timar. Då hadde han lagt bak seg 3.800 høgdemeter med klatring i terrenget ved foten av Alpene.
Granberg har tidlegare deltatt på to verdscup ritt og to VM. VM plasseringa i juni er ifølgje han sjølv lite å skryta av.
— Hadde nok ein dårleg dag, og vart nr 81 av totalt 120 deltakarar, seier han.
Men med den flotte plasseringa i helga er han klar for nye utfordringar. Om to veker deltek han på Birkebeinar rittet og så blir det NM.
— Eg har ikkje lagt så store planar for neste år, men vil prøva å satsa meir på utanlandskonkurransar. Så lenge det går rette vegen vil eg satsa vidare.