Sport
Starta året med fotballfest
For å få ein pangstart på den første helga i 2025 inviterte 9. klasse ved Ølen skule til nattcup for store og små – til inntekt for klassetur i 10. klasse. Ein stor suksess, skal me tru arrangørane sjølve.
Stemningsmusikk, eigelaga drakter, kiosk, hundrevis av publikum og fleire titals fotballkampar over seks timar er ikkje feil måte å beskrive nattcup på.
Tre av kveldens spelarar var Martin Heggebø, Jørgen Blikra Johansen og Noah Gundersen. Dei hadde meldt seg på i den eldste klassen og stilte i egendesigna drakter for anledninga.
— Me vil ikkje vera basic». Ein blir jo ikkje det når ein lagar draktene sjølv, seier Johansen.