Idrettslaget og sanitetsforeninga samarbeidar om treningsrommet på Bjoa. F.V: Matias Granberg (idrettslaget), Leif Bjarne Klette Steinsland (sanitetsforeninga), Liv Kari Bødtker (sanitetsforeninga), Egil Gangstø (idretsslaget) og Aleksander Bjørnø (idrettslaget).
ARKIVFOTO: JONAS SANDSGÅRD
Snart kan du trene på Bjoa
Kommunen har gitt grønt lys, og midlar er komen inn ifrå fleire bedrifter samt idrettslaget og sanitetsforeininga sjølv.
— No ventar me ikkje lenger, no er det berre å begynne og få det ferdig, seiar Egil Gangstø.
Det var for ein månad sidan, på årsmøta til sanitetsforeininga og idrettslaget, at det blei fastslått at det skulle bli treningsrom på helsehuset på Bjoa. Kommunen hadde allereie gitt grønt lys.