Små marginar i kamp mot topplaget
Ølen hadde besøk av den suverene tabell-leiaren Vedavåg Karmøy tysdag kveld. Det vart god underhaldning, mykje mål, og kamp heilt inn om poenga.
Mørke tordenskyer prega himmelen over Ølen då kampen mellom Ølen og Vedavåg kom igong tysdag kveld. Det vart ikkje så mykje nedbør som frykta, men til gjengjeld vart det skåringar i bøtter og spann. Allereie etter 4 minutt sat den første for heimelaget, då backen Daniel Urdal flikka eit frispark frå Alexander Stene Krogh inn i nettet. Gleda over leiinga vart kortvarig, då Vedavåg utlikna berre tre minutt etterpå.
Dødballmål x 3
Ølen sine tre mål i første omgang kom alle etter dødball. Det første etter frispark, medan dei to andre kom etter corner.
Mats Marvik breisida inn 2-1 på eit touch etter corner, og veteran Stian Haugland fekk krangla inn 3-3 i kamp med keeperen.
Kampen heldt eit høgt tempo, og Vedavåg er suveren på toppen av 5. divisjonstabellen. Dei kjem til å rykkje opp, og er ubeseira dette året. Dei har vunne 13 kampar, og spelt ein uavgjort. Så det var godt gjort av Ølen å matche bortelaget i denne kampen, og viser potensialet som ligg der.
—Litt surt å ikkje få med seg poeng
Andre omgang byrja lovande då Anders Gjerde kjempa seg inn frå høgrekanten og banka ballen i nettet før det var gått fem minutt.
Som i første omgang kom svaret fort, og minuttet etterpå stod det 4-4. Etter det stod kampen å vippa, og begge lag hadde sine moglegheiter.
Heimelaget kunne ha skåra ved to-tre ganske store sjansar, men det vart med dei fire måla for Ølen. Men topplaget frå Karmøy hadde eitt gir til inne, og skåra seiersmålet 15 minutt før full tid. Ølen greidde aldri å svare på dette, og det vart eit surt tap.
—Litt surt å ikkje få med seg noko frå kampen, det syns eg me hadde fortent, sa Ole Arne Pedersen etter kampen. Han sa at marginane ikkje var på deira side, og at kampen kunne vippa begge vegar.
—Eit par av måla me slepp inn er litt billige, samt at straffen me får mot oss er uheldig, sa Pedersen, som meinte kampen vart spelt i høgt tempo.
Vemund Skjæveland er tilbake på Lundeneset vidaregåande skule som miljøarbeidar, og har tidlegare vore elev der, og spelt på Ølen A-lag før.
Han gjorde ein god kamp på midtbana til heimelaget, og som trenaren var han litt fortvila over at det ikkje vart poeng.
— Me spele jamnt mot dei, og det er bra, men det hadde vore kjekt å fått poeng for strevet, sa Skjæveland, som ser fram mot eitt år på Lundeneset, der han samtidig kan bidra på Ølen sitt A-lag.
Neste kamp for Ølen er møtet med naborivalen Etne på bortebane 12. september. Det blir eit oppgjer med mykje prestisje, etter at Ølen vann 3-0 på eige kunstgras i vårkampen mellom laga.