Ølen vann sin første kamp i sesongen. Her frå ein kamp i januar. Bak frå venstre: Sandra Hegerland, Helene Haukland, Thea Kirketeig, Eline Hundhammer Siglen, Sofie Asheim Nordskog, Kamilla Bøthun og Margit Auestad. Framfor frå venstre: Tone Krakk Døvik, Anna Nordtveit, Silje Digernes Lothe, Amalie Asheim og Astrid Haugland Gundersen
Foto: Marcus Rødne
Slo tilbake med ein gong
Med sigeren i Åsenhallen har raudtrøyene starta comebacket sitt med to sigrar på dei tre første kampane sine.
Rykka frå
Det var lenge ein jamn kamp i første omgang. Siste gong laga låg likt var på stillinga 10-10 etter rett over 21 minutt spelt. Inn mot pausen festa gjestane eit lite grep og gjekk til kvilen med leiinga 11-14.