Slo til med storsiger
Ølen hadde sin første heimekamp denne hausten, etter at det enda med tap borte mot Nord 2 i førre veke. Det gjekk bedre på eige kunstgras, og Anders Gjerde slo an tonen med to tidlege skåringar.
Fleire av Ølen sine spelarar me har blitt vant til å sjå på laget dei siste sesongane, har slutta denne sommaren. Dei fleste av dei på grunn av studier på andre kantar av landet, etter at dei har blitt ferdige med vidaregåande skule her i distriktet. Men det som er så bra er at det kjem opp nye ferske fjes på arenaen, når andre sluttar. Det går rykter om eit bra kull som har byrja Lundeneset nå i august, og det kjem opp bra spelarar frå eigne rekkjer i Ølen IL.
Solid start
Anders Gjerde er ein som har vore med nokre sesongar på A-laget til Ølen nå, og han var frampå to gonger i det 14. og 17. minutt. Det første målet må kallast ein keepertabbe, medan det andre gjekk fint inn, det óg via keeper.
Men Gjerde var aktiv i den første omgangen, og det var fortent at heimelaget tok føringa i kampen. Ølen hadde taket på kampen, og ein venta på at det skulle komme meir utover omgangen, men det lugga litt i angrepsspelet.
Bedre frå Kopervik 2
Bortelaget slo seg litt meir laus etter pause, og kom på nokre visittar i angrep. Men det var heimelaget som såg farlegast ut.
Etter 55 minutt fekk Ølen tildelt straffe av kampens myndige dommar, Kjetil Nesbu frå Skjoldar IL. Mats Marvik gjorde seg klar frå 11-meteren, men ballen slo i tverrliggaren, og dermed vart ikkje kampen heilt avgjort. Då Kopervik 2 reduserte til 2-1 rett etterpå, kunne ein ane litt uro i heimelaget sine rekker. Eitt mål er ikkje mykje å gå på i fotball. Kopervik trudde ei stund at dei hadde utlikna etter ein corner, men ballen hadde vore over dødlinja i forkant.
Den berømte ketsjupeffekten
Det skjedde mykje på slutten av kampen, og det med positivt forteikn for Ølen sin del. I det 83. minutt fekk Ølen eit frispark frå omlag 20 meter, som Aleksander Stene Krogh sette inn nede i hjørna til 3-1. I situasjonen rundt frisparket pådrog Kopervik sin målskårar, Sebastian Stefan Haak-Fostenes, seg sitt andre gule kort, og måtte gå i dusjen. Med spel mot 10 mann, opna ketsjupflaska seg, og Vemund Skjæveland teikna seg for to skåringar på tampen. Heile 5-1 til slutt, og laget mottok hyllest frå publikum etter kampen.
Debutant med to assist
Lukas Stensland frå Vedavåg, presenterte seg for tilskodarane for første gong i denne kampen. Ein halv omgang mot slutten av kampen viste at dette er ein spelar klubben kan få bruk for dei kommande åra. Han har nettopp byrja på den vidaregåande skulen på Lundeneset, og minutta på bana gav meirsmak for lysluggen.
—Det var godt å få unna debuten, og eg må sei meg godt nøgd med to assist på tampen, smilte karmøyguten, som la til at han gledar seg til kampar med både G19 og A-laget utover.
Trenarduoen Ole Arne Pedersen og Georg Kolnes var naturligvis godt nøgde med siger og tre poeng. Spelarane var ikkje heilt på i første kampen, borte mot Nord 2.
—Me hadde ein heilt annan inngang til denne kampen, og det var kjekt i kveld, sa Georg Kolnes etter kampen. Han fekk sjøl eindel minuttar inne på bana, og fekk med seg den kjekke slutten av kampen, då Ølen skåra tre mål dei siste ti minutta.
Med denne sigeren legg Ølen seg på ein fin tredjeplass på tabellen etter Åkra 2 og suverene Vedavåg Karmøy på topp. Ny heimekamp ventar tysdag om ei veke, mot nettopp topplaget Vedavåg Karmøy.