Jubel. Lars Granberg hevar sykkelen etter å ha sikra seg sigeren i norgescup i det femte rittet på Sørum.
Foto: Jon Wiik
Siktar seg inn mot EM på heimebane
Det har vore litt meir roleg rundt den uthaldande syklisten frå Ølen i 2018-sesongen. Etter fleire år som proffutøvar og store internasjonale konkurransar, kombinerer Lars Granberg nå sykkelsporten med jobb.
— Eg trenar mindre, men hardare. Det har resultert i at eg på det beste har vore minst like god som før, men greier ikkje lenger ein sesong med 20 — 30 ritt med det treningsgrunnlaget eg nå har, seier 32-åringen til Grannar.
Fem ritt