Kvaliteten på årets 5. divisjon kjem til å verta høgare enn dei siste åra etter omlegginga av seriestrukturen på landsbasis. På grunn av dette er mange av laga som til vanleg er å finne i 4. divisjon, nede i 5. divisjon. Det blir òg uvanleg mange lag i puljen, som tel i alt 14 lag. Kvart lag må igjennom 26 knallharde oppgjer, før status blir gjort opp i oktober.
Å tippe korleis tabellen vil sjå ut til slutt, er sjølvsagt inga lett oppgåve. Men me har sett på korleis laga gjorde det i fjor, og korleis troppane er i år. I tillegg må me anta at laga som kjem ned frå 4. divisjon held eit visst nivå.
Haugar seglar opp som puljefavoritt, med Steffen Iversen som spelande trenar. Folk som er glad i lokalfotball bør kjenna si besøkstid og komma seg på kamp når laga i vår region har heimekamp mot Haugar. Ein meir merritert spelar har vel neppe spelt på dette nivået tidlegare. Rosenborg-, Tottenham- og Vålerenga-profilen vil nok finne vegen til nettmaskene denne sesongen òg. Eit anna lag som ein bør få med seg er Leirvik Ballklubb. Der dannar dei to utflytta vågsbuane Espen Vaka og Alfred Berge spisspar. Ein duo å sjå opp for, sjølv om laget elles ikkje er av dei beste.