Kristoffer Grønstad set inn eit mål tidlegare i sesongen. Måndag kveld scora han igjen.
FOTO: MAGNE SKÅLNES
Redda poeng
Etne sitt opprykkshåp forsvann i dei første rundane etter sommarpausen, men gjestane gjekk inn i kampen med sjølvtillit frå 6-1-sigeren over Skudenes i førre seriekamp.
Storscorar
Det tok 70 minutt før det blei scoring på Kunstgress Nord. Då sendte Daniel Ness Karlsen heimelaget i føringa. Elleve minutt seinare sørga Grønstad for balanse i rekneskapen og grøntrøyene kunne ta med seg eitt poeng heim til Etne.