Onsdag sprang Inger Constanse Eidhammer Lunde inn til ny personleg rekord på 60-meter, med tida 7.98
Foto: Privat
Pustar på klubbrekorden
Inger Constanse Eidhammer Lunde (17) har sett ny personleg rekord på 60-meter innandørs. Med tida 7.98 er ho ikkje langt frå seniorrekorden i klubben på 7.93.
Den raske etnejenta Inger Constanse Eidhammer Lunde har nyleg meldt overgang frå Etne IL til Haugesund IL, og sprang sitt første løp for sin nye klubb då innandørssesongen starta onsdag. Då klinte ho like godt til med ny personleg rekord på 60-meter, og sprang over målstreken på tida 7.98.
— Det verste var at eg følte eg fekk ein litt dårleg start i dette løpet, så eg trur faktisk eg kan gjera det enda betre. Eg føler eg har mykje meir å gå på, så mitt kortsiktige mål er å koma under 7.80. Mitt langsiktige mål er å klara EM-kravet, seier ein svært glad 17-åring.
Trappar opp