Sport
Premiedryss til lokale førarar
Det var stort sett flotte forhold i Vikedal under 2-dagaren i helga, men nokre kraftige regnbyger i starten søndag gav litt utfodringar for førarane. Men til finalane tørka det opp og det vart spennande finalar i dei fleste klassane, skriv NMK Vikedal i ei pressemelding.
I crosskart-klassane var det stort sett lokale deltakerar. I Mini-klassen, som er mellom 6 og 9 år, køyrer deltakerane lenger og lenger på fartssperra på 60 km/t til meir erfaring dei får. Benjamin Skjærstad Frøyland var raskast framfor søskena Victoria og Erlend Tveit-Runge, alle frå Tysværvåg.
I 85 ccm klassen var Daniel Veland Skeie litt raskare enn klassekameraten i Sandeid, Endre Stople Enge. Søster til Endre, Eiril Stople Enge, viser stor framgang i 125 ccm-klassen etter berre å ha køyrt tre løp. Endre Riise, frå Førland, har heller ikkje køyrd stort meir med sin Xtreme junior, og hadde ein fin duell med senioren, Jonny Kvinlaug frå Kvinesdal.
Bilcross NextGen