Håvard Nordtveit
Håvard Nordtveit

Nordtveit til West Ham

Så er det stadfesta, overgangen som media har skrive om i fleire månader. Vatsbuen Håvard Nordtveit (25) går til London-klubben West Ham. Overgangen har vore klar lenge, men blei ikkje offentleggjort før den tyske sesongen var over, der Nordtveit har spela dei siste sesongane for Borussia Mönchengladbach. Det er West Ham sjølv som stadfestar at Håvard Nordtveit har signert kontrakt med klubben. 25-åringen har skrive under ein femårskontrakt med klubben i London som i årets sesong har imponert og enda på ein sjuande plass i årets Premier League. — Det har alltid vore ein draum for meg å spela i Premier League. Nå har eg fått muligheita i West Ham, og eg kan ikkje venta med å koma i gang, seier vindafjordingen i pressemeldinga frå klubben.

Powered by Labrador CMS