Hauk Hamre Hagen med pokalar etter sesongens siste løp laurdag. Foto: Irene Mæland Haraldsen
Hauk Hamre Hagen med pokalar etter sesongens siste løp laurdag.

Sport

NM-gull i comeback

Laurdag sikra Hauk Hamre Hagen (22) frå Etne samanlagtsigeren i NM i Club Challenge og Corsa Italiana på Vålerbanen ved Elverum. Han har hatt ein imponerande sesong, med heile åtte sigrar på 12 løp.

Publisert Sist oppdatert

— Det kjennest heilt topp. Å vinne NM etter å ha hatt tre års pause er ei veldig god kjensle, seier Hauk Hamre Hagen.

Takla motgang

Sesongen starta i mai, og gjennom sju helger har det blitt køyrt to løp kvar gong. Laurdag var han først i mål, trass i utfordringar undervegs.

— Eg hamna i sandfella eit par gonger, men kom meg ut. Og først i mål, fortel Hamre Hagen.

Sjølv om resultatlista vitnar om stor suksess, har ikkje alt gått på skinner, sjølv med siger i det første løpet. Tre løp enda utan poeng på grunn av motorhavari. Totalt sett opplever han uansett sesongen som veldig bra.

— Gjennom sesongen har det vore ganske mange nedturar, men heldigvis fleire oppturar. Eg gav aldri opp då motoren svikta, og fekk kome meg heim og bygd ny motor, som eg òg måtte fikse. Den har halde dei siste fire løpa, seier etnebuen.

Starta tidleg

22-åringen har drive med motorsport i 18 år. Han byrja med crosskart før han gjekk vidare til formula basic. For åtte år sidan skifta han til asfaltracing og bilkøyring. Han har tidlegare vunne samanlagt, men hadde ein pause frå sporten grunna mellom anna militærteneste.

— Etter å ha hatt litt pause tenkte eg at eg måtte prøve å kome meg inn igjen. Eg starta i februar med å få bilen godkjend teknisk. Sidan trente eg før første løpet og såg kva eg måtte gjere betre, fortel Hamre Hagen.

Han rekna ikkje med å gjere det så bra før sesongstart, og sikta seg berre inn på å gjere det så godt som mogleg. Klassen Hamre Hagen konkurrerer i, er ei eiga satsing innan bilsporten, organisert av Norges Bilsportforbund (NBF). Club Challenge er meint som eit lågterskeltilbod for nye deltakarar og hobbyførarar som ønskjer å køyre løp utan å gå inn i dei meir avanserte og kostbare klassene.

Her kan ein delta med vanleg registrert bil, ofte med få krav til ombygging. Fokuset ligg på rekruttering, moro og førartrening framfor profesjonell konkurranse. Klassen blir brukt både i lokale klubbløp og i større arrangement, og reglementet kan variere noko frå gren til gren.

Hauk Hamre Hagen vann åtte av tolv moglege løp.

Vil lære meir

Motivasjonen er på topp etter årets NM-siger. Hamre Hagen legg vekt på både meistring og glede i sporten. Ambisjonane framover er å halde fram med å pushe på, og ikkje gi seg sjølv om ein får nederlag.

— Å ha det kjekt er det viktigaste, seier etnebuen.

Framover vil han byggje litt andre bilar og sjå framover med sikte på å potensielt satse i andre klasser. På spørsmål om langsiktige mål svarar han at det berre er å gjere jamt over gode resultat og forhåpentlegvis jobbe seg litt betre år for år. Han poengterer at med progresjonen kjem det mykje læring.

Powered by Labrador CMS