Sport
Målfest i årets første siger
Fjordar fotball er eit samarbeid om ungdoms- og seniorfotball mellom Vindafjord IL, SK Vats, Skjoldar IL og Vikebygd IL. Dei brukar dei ulike bygdene til treningar og kampar.
Slo knallhardt tilbake
Kampen blei spelt på kunstgras i Avaldsnes. Heimelaget fekk ein pangstart med eit opningsmål av Sindre Risvik Høie etter tre minutt. To minutt seinare utlikna Jaran Tveit.
Etter 40 minutt starta Casper Haraldseid skåringsshowet sitt og gav gjestane leiinga 2–1. Tre minutt etterpå sette han inn sitt andre mål. Laga gjekk dermed til pause på stillinga 3–1 til Fjordar.
Aldri truga
Fem minutt ut i andre omgang auka Kristian Langeland gjestane si leiing til 4–1. Jakob Bjelland-Jørgensen reduserte for Avaldsnes 2 etter 61 minutt. Nærmare kom aldri heimelaget.
I det 65. minutt fullførte Haraldseid hat tricket sitt. Han var ikkje ferdig med det, og sette inn sitt fjerde mål etter 77 minutt. Så langt i år står Haraldseid med 11 mål på 12 kampar i 6. divisjon. I 2024 fekk han ein kamp for seniorlaget, men spelte elles mest G15-fotball.
Tveit fastsette sluttresultatet i tysdagens kamp til 7–2 i det 81. minutt. Fjordar blir liggande på sisteplass av laga som har spelt i avdelinga, men sidan Ølen 2 trekte laget sitt før sesongstart, blir det ikkje nedrykk. Årets tre første poeng gjer at Fjordar kan få heng på Avaldsnes 2, som er laget nærmast over på tabellen med fire poeng meir.
Fjordar sin neste kamp er heime på Vats stadion fredag 12. september.