Laga spenning til siste slutt
Søndag var det 16-delsfinale i volleyball i Norgescupen. Den blei spelt mot 1.divisjonslaget Sandnes VBK i idrettshallen i Vikedal. Omlag 70 publikummarar tok turen for å heie og sjå volleyball på høgt nivå.
Unge møtte eldre
Laget frå Vindafjord består hovudsakleg av 17 år gamle jenter, men to av dei er eit par år eldre. I gjengen er det heile fire av spelarar som har vore innom aldersbestemte landslag. Motstandardlaget består av meir rutinerte spelarar i 1. divisjon.
— Det er stas å få ein storkamp her. Blir det siger i dag, kjem eit eliteserielag til Vikedal for å spele neste kamp, fortel Karine Anette Orset Klæboe, som i kampen hadde rolla som speaker.
Kampen gjekk litt opp og ned
Best frå start
Det var Vindafjord-jentene som starta kampen best. Dei tok dei første poenget i kampen, men laget frå Sandnes sytte for at omgangen lenge var spennande. På stillinga 23-20 stoppa poengsankinga for gjestene, og Vindafjord vann settet 25-20. Etter sidebytet viste gjestene at også dei kan sine saker. På stillinga 15-20 valte Vindafjord-trenar Anne Berit Skipevåg Tveit å ta ein time out, men gjestene heldt fram med å ha overtaket. Til slutt vann dei settet 20-25. Laila Straum Stange var blant publikummarane som følgde spent med på kampen. Ho er imponert over innsatsen til dei unge spelarane frå Vindafjord.
— Eg er tante til spelar nummer tre, Astrid Skogen, og det er veldig spennande å følgje med når ho spelar, fortel Stange til Grannar.
Styrka laget
Ifølgje trenar Anne Berit Skipevåg Tveit er heimelaget jamt over svært gode. Difor valte ho heilt bevisst å bruke alle spelarane i kampen. I sommar fekk troppen også forsterkingar utanfrå, i samband med at elevar som går på toppvolley-linja på Sand, signerte for Vindafjord. Dei nye signeringane er Siri Aasgård, Melina Mol, Kaja Flatekvål og Josefine Wigestrand.
Femte sett blei avgjerande
I tredje og fjerde sett var det heimelaget som stakk av med den største poengfangsten, på stillinga 25-17. Deretter tok Sandnes VBK grep om kampen igjen, og vann fjerde sett på stillinga 20-25. Til slutt var det Vindafjord som kunne sleppe jubelen laus for vidare avansement i Norgescupen, på stillinga 15-5.
Opp og ned
Bertine Skipevåg Tveit, som nyleg har vore på samling med ungdomslandslaget, er svært godt nøgd med siger, men fortel at laget har litt å gå på.
— Kampen gjekk litt opp og ned. Me er ikkje blitt heilt samkøyrde enno, sidan me har mange nye på laget. Det var veldig gøy å få starta, og at me fekk prøvd litt forskjellig, seier Tveit til Grannar.
Ho sette pris på å spele kampen på heimebane.
— Det har ikkje skjedd før, men det var god stemning, seier den talentfulle volleyballspelaren.
— Hadde du turt å håpe på siger før kampen?
— Eg hadde ikkje dei heilt store forhåpningane, sidan me ikkje har spelt så mykje saman før, men det var veldig gøy.