Sist Frank Stople stod i mål for FK Haugesund i Eliteserien, var i siste serierunde i fjor. På søndag fekk han sjansen igjen då FK Haugesund vann 3-1 over Vålerenga.
Arkivfoto:TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Komfortabel med å spele i den øvste ligaen
Ølensbuen var både nervøs og svært glad for å få målvaktsplassen i søndagens møte med austlendingane. Stople blir rekna for å vere eitt av Norge sine største keepertalent. Han har fleire aldersbestemte landskampar og har allereie vore i troppen til U21-landslaget. I og med at Egil Selvik har vore strålande i FKH-buret etter overgangen frå Odd i vinter, har det blitt lite speletid for Frank Stople. Då Selvik søndag måtte stå over på grunn av problem med augene, var det Frank Stople som fekk ta over keeperplassen.
Sist gong Stople spelte i Eliteserien var i siste serierunde i fjor. 19-åringen frå Ølen var difor svært glad for å få sjansen.
Nervøs før kamp