Magnus Haugen sender Etne i leiinga med 2-1. FOTO: MAGNE SKÅLNES
Magnus Haugen sender Etne i leiinga med 2-1.

Knipent tap på heimebane

Etne spela jamnt med Nord 2, heilt til laget vart redusert til ti mann då Teo Haraldseid Trovanelli vart utvist etter 56 minutt. Det skjedde mykje i den andre omgangen av det målrike oppgjeret.

Publisert Sist oppdatert

5. divisjon, herrar

Etne kunstgras, fredag 29. august 2025

Etne – Nord 2 3-4(1-1)

0-1(16. min) Vebjørn Storstein

1-1(30. min) Johan Grønset

2-1(61. min) Magnus Haugen

2-2(73. min) Jan Martin Hansen

2-3(89. min) Filip Bjelland

2-4(92. min) Liam Klovning Minde

3-4(93. min) Ørjan Ytrenes

Dommar: Morten Andre Salvesen, Kolnes

Raudt kort: Teo Haraldseid Trovanelli, Etne IL

Gule kort: Sebastian Davidsen Øglænd, Etne IL

Jan Martin Hansen, Lars Steinsland, Nord 2

Tilskodarar: 120

Den første omgangen mellom Etne og Nord i 5. divisjon fredag, bar preg av to lag som såg ut til å være i feriemodus endå. Kanskje var det det varme véret, med ei skinande sol, som gjorde sitt til at det gjekk føre seg i moderat tempo. Og engasjementet ute på bana var heller ikkje heilt til stades, men begge lag greidde å finne vegen til nettmaskene ved eitt høve kvar. Det var bortelaget som gjekk i føringa etter kvarteret etter eit godt angrep.

Johan Grønset på farten. Han sette inn Etne sitt mål i første omgang.

Etne byrja å spele seg til litt sjansar utover omgangen, og det var fortent då Johan Grønset banka inn utlikninga etter ein halv time. Etne kom til nokre gode moglegheiter i minuttane inn mot pause, men det stod 1-1 ved halvtid.

Dramaet starta

Det såg ut som pausen hadde gjort laga godt, sola var gått ned, og ein kunne høyra engasjementet auka både på bana og blant publikum. Etter 56 minutt sendte Nord 2 eit gjennomspel i midten, og spelaren kom aleine mot Øvernes i Etne-buret. Teo Haraldseid Trovanelli kom på etterskudd, og la Nord-spelaren i bakken. Resultatet vart direkte raudt på Trovanelli, og eit frispark til Nord som det ikkje vart noko utav.

Nokre minuttar etterpå var det likevel timannssterke Etne som tok leiinga, då 16-åringen Magnus Haugen avslutta eit godt angrep kontant i nettet. Stor jubel frå publikum, som håpte på ein siger for det unge Etne-laget.

09-modellen Magnus Haugen imponerte med skåring og godt spel i kampen mot Nord 2.

Nedtur

Etne kjempa godt, men etterkvart vart det merkbart at dei var i undertall mannskapsmessig. Det gode bortelaget spelte til tider fin kombinasjonsfotball, og sette Lars Øvernes på fleire og fleire prøvar.

Lars Øvernes hadde ein travel kveld i buret. Her er han i full strekk, og reddar ein markkrypar.

I det 73. minutt var utlikninga eit faktum, men heimelaget stod på. Det gjekk mot full tid, og det såg ut til å bli uavgjort. Då fekk Etne ein stor sjanse etter frispark, men headinga small i tverrliggaren. Minuttet etter stod det 2-3 etter i kontring. Og ikkje nok med det. Eit par minutt på overtid vart det 2-4 på same vis. Rett før overtida var over, fekk Ørjan Ytrenes inn ei redusering, slik at sluttresultatet vart 3-4. Eit surt tap for Etne som kjempa heroisk, utan at dei stod igjen med poeng til slutt.

Ung målskårar

Magnus Haugen, 16-åringen som sendte Etne i føringa i andre omgang, var skuffa over at laget ikkje fekk med seg noko frå kampen.

—Me hadde fortent poeng, men det vart sjølvsagt tøfft med ein mann mindre, sa den lovande spelaren, som la til at det var herleg å skåre det fine målet.

—Det er det andre målet eg har skåra på A-laget, sa Haugen som var med på Etne-laget som kom langt i årets Norway Cup i Oslo.

Trenar Kenneth Hegerland har berre lovord å sei om Haugen og dei andre unge spelarane som gjer nytte for seg på A-laget.

—Dei er veldig gode spelarar og hjelper oss godt når me har eindel sjukdom og skader på laget, sa Hegerland.

Trenar Hegerland sa det vart vanskeleg mot Nord 2 etter utvisninga. Nord 2 kom med eit veldig godt lag til Etne. I ettertid kan det kanskje ha vore vel bra. Ifølge papira og lagoppstillingar Etne set på, kan Nord 2 ha brukt for mange spelarar fra 4. divisjonslaget sitt frå start av i kampen mot Etne. Om dette gjev grunnlag for protest, eller om Etne vil gjera noko med det, får me komma tilbake med ei oppdatering om.

Powered by Labrador CMS