Even Rødne (19) reiser til Bodø i dag, torsdag, og ser fram til nytt Landsskyttarstemne. Børsa har han sendt i førevegen.
Foto: Heidi Berakvam
Klar for landsskyttarstemnet
Even Rødne (19) trivst godt på den nyoppussa skytebana på Fikse. Her trenar han til Landsskyttarstemnet i Bodø kor han skal konkurrera i ny klasse.
Laurdag 30. juli startar Landskyttarstemnet i Bodø etter 2 års pause grunna pandemien. 2.766 skyttarar er påmeldt og arrangøren reknar med rundt 10.000 tilreisande. Frå Grannar-distriktet er 10 skyttarar påmeldte og fleire av dei er allereie på veg opp til Nord-Noreg. Even Rødne (19) frå Etne gler seg til å reisa opp på stemnet.
Ny klasse
I år deltek han i klassen EJ, som står for Eldre Junior. Dette er ein toårig klasse som er ein relativt ny prøveordning frå Norsk Skyttarstyre.