Ous» er ordet som går mest igjen i ein sport som har sine ritual med kollektiv respons i starten av dagens økt. Bukking også. Multiordet betyr både takk, ja, eller eg forstår. Titulering av personar med ein viss posisjon og oppnådd status er ein del av det; shihan, sensei og senpai .
— Vi brukar nokre japanske ord, men det er berre vanleg høflegheit mot kvarandre, forklarer Geir Arne Havreberg, veteran og leiar i karateklubben i Etne.
Det handlar om karate Kyokushin, og vinterleir i regi av klubben i Etne. I alt 196 deltakarar frå heile landet, og internasjonale gjester frå Spania, Nederland og England.