— Me går for å ta sigeren, seier Leif Martin Kvamen.
Noko av optimismen kjem frå at dei slo finalemotstandaren Eramet Norway Sauda 2–0 i best av tre under seriespelet i haust, samt at dei legg inn mykje trening. Kvamen og Steffen Eikesdal tok seg ein prat med Grannar onsdag. Med seg på laget har dei Thomas Olsen (30) frå Nedre Vats og haugesunderane Jakub Hanszke (31) og Vegard Løvvig (30). Lagnamnet deira er AutoStore 1.
Finalen dei skal spele, er i 1. divisjon i Bedriftsligaen. Det skjer i Oslo, i dei futuristiske lokala til eventselskapet House of Nerds.