I tet blant landets beste
Det gjekk unna for 17-åringen på Rallebanen i Bø i Telemark der 4. NM-runde i crosskart blei avvikla i helga. Blant totalt 77 påmeldte og elleve deltakarar i Bjørn Cato sin klasse, var han ein av dei som verkeleg markerte seg.
— Det heldt på å gå gale i ein av dei innleiande rundane då eg køyrde ut og kolliderte med ein dekkstabel, men både eg og bilen kom uskadd frå det. Heldigvis greidde eg å berga to poeng som gjorde at eg fekk tredjesporet og fremste rekkje i A-finalen. Utan dei poenga hadde eg hatt liten sjanse i finalen, fortel Bjørn Cato til Grannar.
— God kjensle