Sport
Held seg på tabelltopp etter ny siger
Tysdag slo Fjordar Skudenes 4–3 på bortebane. Dermed ligg dei framleis på 1. plass i 4. divisjon.
Fjordar er eit samarbeidslag mellom Vindafjord IL, SK Vats, IL Skjoldar og Vikebygd IL. Klubbane samarbeider om ungdoms- og seniorfotball, og har treningar og kampar i dei ulike bygdene til moderklubbane.
Slo tilbake
Ingvild Skare gav heimelaget leiinga med eit sjølvmål etter to minutt. Ho skulle likevel bli helt for Fjordar til slutt.
I det åttande minuttet utlikna Andrea Nesbu, og fire minutt seinare sørgde Thea Karoline Blikra for at gjestane gjekk til pause med leiinga 2–1. Etter 49 minutt skåra Skare sitt første mål for kvelden – rett veg.
Skudenes gav seg ikkje. I det 72. minuttet reduserte Louise Tobiassen Nornes, og to minutt seinare sette Birgitte Thorshaug inn utlikninga for heimelaget. Dette blei likevel Fjordar sin kveld. Etter 83 minutt blei Skare matchvinnar med kampens siste mål til 4–3 for gjestane.
Klare for toppkamp
Dermed står Fjordar med åtte sigrar, to uavgjorde, to tap og 26 poeng etter 12 kampar. Det gjer at dei ligg på førsteplass blant ni lag etter denne runden.
Vard ligg to poeng bak med ein kamp mindre spelt, og kan følgjeleg gå forbi om dei vinn hengekampen sin. Også Avaldsnes/Torvastad, som ligg sju poeng bak med tre kampar mindre spelt, kan gå forbi om dei vinn alle kampane dei har til gode på Fjordar. Talet på spelte kampar varierer stort mellom dei ni laga, truleg som ein konsekvens av at tre lag som var påmeldte då divisjonen blei sett opp, har trekt seg.
No ventar ein lengre pause for Fjordar før neste kamp 1. oktober. Då blir det toppkamp mot Vard på Vats stadion.