Thomas Lien kom på skåringslista igjen mot Åkra 2. Arkivfoto: MAGNE SKÅLNES
Thomas Lien kom på skåringslista igjen mot Åkra 2.

Gav topplaget kamp til døra

Etne tok imot det suverene topplaget i 5. divisjon, Vedavåg Karmøy onsdag kveld. Det vart spenning til siste slutt, i ein god og sjåverdig kamp.

Publisert Sist oppdatert

5. divisjon, herrar

Etne kunstgras, 17. september 2025

Etne IL – Vedavåg Karmøy 2-3(0-1)

0-1(39. min) Haakon Sandhåland

1-1(48. min) Peder Rygg Haugen

1-2(49. min) Haakon Sandhåland

1-3(53. min) Aleksa Repanovic

2-3(88.min) Kristoffer Grønstad

Dommer: Anfinn Birkeland, Vard

Gule kort: Thomas Lien, Peder Rygg Haugen, Albert Nærheim Rafdal, Etne IL. Jonas Førland, Morgan Karlsen, Vedavåg Karmøy

Tilskodarar: omlag 100

Topplaget Vedavåg har ikkje tapt dette året. Dei har vunne alle sine kampar utanom ein, der det vart uavgjort. Så det var ingen lett kamp for heimelaget, berre nokre dagar etter naboduellen mot Ølen som enda 1-1.

Johan Grønset har vore god for Etne denne sesongen, og var nær skåring óg mot Vedavåg.

Etne gjekk optimistisk ut, og den jamnspelte førsteomgangen såg ut til å enda mållaus. Men storskåraren Haakon Sandhåland på Vedavåg fann vegen til nettmaskene seks minutt før pause. Før det hadde heimelaget vore med på notane, og både Lien og Grønset og Grønstad hadde sine moglegheiter utan å lukkast.

Kristoffer Grønstad fyrer avgårde eit skot, men han hadde ikkje stilt inn siktet denne gongen.

Sterk periode av Vedavåg

Peder Rygg Haugen fekk eit frispark ute til venstre rett etter pause, og han var noko heldig med at ballen stussa innom ein forsvarar, og gjekk i mål. Utlikninga var eit faktum, men gleda skulle ikkje vare så lenge. Minuttet seinare var Sandhåland frampå med sitt andre mål for kvelden, og topplaget var igjen i føringa. Etter dette følgde ein god periode for bortelaget, som viste kvifor dei er det førande laget i avdelinga. Ein misforståelse mellom forsvarar og keeper på Etne, førte til at laget auka til 1-3 seinare i omgangen.

Etne skal ha at dei aldri slutta å prøve, og laget hadde nokre fine angrep, der Rygg Haugen og Grønset og Grønstad var delaktige. Daniel Gullachsen fann Thomas Lien med ein strøken pasning, men avslutninga vart redda.

Sluttspurt

Etne fann litt nye krefter mot slutten, og Kristoffer Grønstad fekk stussa inn ein corner for heimelaget eitpar minutt før ordinær tid. Det vart kjempa hardt frå begge lag dei siste minutta, inkludert fem overtidsminutt, men resultatet vart 2-3 til Vedavåg.

Etne sin unge playmaker Peder Rygg Haugen var litt skuffa etter kampen, og han meinte laget fekk litt dårleg betalt i dei siste to kampane. Etne mista som kjent sigeren på overtid mot Ølen sist, og var nær poeng i denne kampen.

Ein litt skuffa Peder Rygg Haugen innser at det vart tap mot Vedavåg Karmøy.

—Me opnar kampen bra, men me møter eit godt lag i dag. sa Rygg Haugen, som sa han var heldig med skåringa si, som gjekk via eit bein.

—Me burde vunne mot Ølen, og hadde fortent poeng i dag, sa den unge midtbanespelaren. Han har lagt vekk ambisjonane om å spele lenger oppe i divisjonane.

—Eg kosar meg med fotballen, og likar godt å spele på A-laget til Etne, avsluttar Peder Rygg Haugen.

Neste kamp for Etne er borte mot Bremnes 2 neste fredag.

I kiosken denne gongen var det jenter frå Etne sitt J13, som hadde kaker og lappar, og kaffi på menyen. Marte Mæland Aasheim, Kristine Forseth Jakobsen og Liva Tungesvik Helgeland hadde mange kaffitørste tilskodarar på besøk i kiosken.

Marte Mæland Aasheim, Kristine Forseth Jakobsen og Liva Tungesvik Helgeland serverer kaffi og lappar til Einar Mæland.

Jentene likte seg godt bak disken, og salget gav gode pengar inn i lagkassa til det gode laget deira.

Powered by Labrador CMS