Gav serieleiaren god kamp
Ølen tok imot serieleiar Avaldsnes til kamp torsdag kveld, og etter ein jamn førsteomgang var stillinga 1-1. Vertane tok leiinga ved veteranen Magne Christiansen som starta kampen denne gongen. Avaldsnes kvitterte rett etterpå, og laga var like langt.
Gjesten tilreiv seg eit overtak i den andre omgangen, men kampen låg lenge å vippa, og kunne gå begge vegar. Men eit kvarter før slutt gjekk Avaldsnes opp til 1-2. I dei hektiske overtidsminutta kom det ei skåring til kvart av laga. Først 1-3 til Avaldsnes, før Ådne Nærheim ekspederte eit straffespark i mål.
Dette vart det siste sparket på ballen, og det enda med eit knipent eittmålstap for Ølen, som nå ligg sju poeng bak Avaldsnes med ein kamp mindre spelt. Etne ligg to poeng bak Ølen på tabellen, og kampen om bli det beste laget i Grannar-regionen held fram utover hausten.