Sport
Går tilbake til FKH
Frank Stople (23) frå Ølen signerte tysdag for FK Haugesund. Han kjem tilbake frå Strømsgodset, som han blei selt til i januar 2024.
— Det er veldig kjekt å vere tilbake. Eg har hatt lyst til å kome heim til familie og kjærast, samt til ein garderobe der eg kjenner mange frå før. No ønskjer eg å bidra til det Toni og Jos prøver å få til her med ein ny og spelande stil, og eg håpar å bruke denne hausten godt og få vist meg fram frå ei god side, seier Frank Stople til FKH si nettside i høve signeringa.
23 år gamle Frank Stople kan sjå tilbake på mange år i FK Haugesund – både som spelar i Kraftakademiet og som ein del av A-stallen – og returnerer no til klubben på ein avtale som i første omgang strekkjer seg ut 2025.
Stople signerte sin første proffkontrakt med FK Haugesund som 16-åring tilbake i desember 2018 og fekk sidan sin debut i FKH-drakta i sesongen 2020. Totalt fekk Stople sju offisielle kampar i FK Haugesund under si første tid i klubben, før han i januar 2024 vart selt til Strømsgodset.
I si tid i FK Haugesund var Stople òg utlånt til Stjørdals/Blink og til SK Vard.
– Dette er ei god løysing for begge partar. Me ønskjer oss tre keepere for å ha ein best mogleg kvardag i keeperteamet, og Frank er på jakt etter ein ny klubb. Å hente ein lokal spelar som me kjenner godt frå før, og som trente med oss så seint som i sommar, gjer oss berre endå meir sikre på at Frank er rett spelar for oss, seier sportsleg leiar Jostein Grindhaug.
23-åringen kan òg sjå tilbake på 13 landskampar for aldersbestemte norske landslag – frå G16- til U20-nivå.