Førebur seg på satsing i 6. divisjon
— Så stor bygd som Ølen er bør me ha eit lag som minst er oppe der med Etne og Vats/Skjoldar. Me bør eigentleg vere over dei også, men det kjem etter kvart, smiler Sindre Knutsen når han møter Grannar før treninga tysdag kveld.
Mannsterke
Det var det låge talet på spelarar i sesongoppkøyringa som fekk klubben til å trekke førstelaget sitt frå 5. divisjon, og heller fylle andrelaget sin 7. divisjonsplass i fjor. Derfor er det kanskje ikkje så rart at både Knutsen og spelande trenar Mats Østenstad trekkjer fram det å skape ei stor gruppe som eit hovudmål for sesongen i år.