Fredrikstad blir første klubb ut med ekstraordinært årsmøte om VAR.
Foto: Thomas Andersen / NTB / NP
Sport
Fleire årsmøte med VAR-avstemming på trappene – supporterar håpar å snu klubbane sine
Avgjerdene på årsmøta kan potensielt vippe fleirtalet blant dei 32 toppklubbane for VAR-teknologien over til eit fleirtal imot VAR. Det er også målet til mange av supporterane som har alliert seg for å få til nye avstemmingar.
Målsetjinga til Norsk Supporterallianse (NSA) er at det skal vere fleirtal imot VAR når interesseorganisasjonen til toppklubbane, Norsk Toppfotball (NTF), har eigarmøtet sitt 22. januar. Eit fleirtal – i alle fall eit klart eit – vil bety at NTF må endre standpunktet sitt i VAR-saka.
Det vil i sin tur igjen kunne bety ei innstilling til fotballtinget om at VAR-teknologien som vart innført i Eliteserien frå og med 2023, skal avviklast.
Møterush