Solfrid Hetleflåt Bråthen (t.v.) og Kristine Hustveit Nybru spelar på FKH sitt kvinnelag som rykte opp i helga.
ARKIVFOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Sport
FKH fullbyrdar overtaking
— Det er ein stor og stolt dag for oss i FK Haugesund å kunne overta dette formelt. Interessen for og dimensjonane på damefotballen veks veldig og nå kan me i klubben vere med og leggje til rette for at jentene får eit veldig godt tilbod og ein endå betre kvardag slik at dei kan utvikle seg her lokalt i Haugesund. Det er vi i styret veldig glade for å få vere med på, sa nestleiar Randi Kvaløy i FKH sitt styre på årsmøtet, gitt att på klubben si nettside.
Samla dei beste
Denne sesongen er FK Haugesunds kvinnesatsing basert på eit samarbeid med Avaldsnes Toppfotball som reint organisatorisk og juridisk står som eigar av laget i 1. divisjon, men med ein intensjon om at FK Haugesund skulle overta fullstendig eigarskap frå og med sesongen 2025. Dette er no formelt vedteke på dagens ekstraordinære årsmøte.