Lena Sjurseike og resten av Fjordar-damene toppar 4. divisjon etter siger mot Åkra 2. FOTO: MAGNE SKÅLNES
Lena Sjurseike og resten av Fjordar-damene toppar 4. divisjon etter siger mot Åkra 2.

Fjordardamene toppar tabellen

Tre nye poeng vart innkassert i Skjold onsdag kveld mot Åkra 2, og Fjordar har for alvor meldt seg på i tetstriden i 4. divisjon for damer.

Publisert Sist oppdatert

4. divisjon, damer

Vikaneset Stadion, onsdag 3. september 2025

Fjordar – Åkra 2 3-1(2-1)

0-1 (13. min) Alma Lindøe Tveit

1-1 (22. min) Elise Andreassen Berge

2-1 (42. min) Thea Karoline Blikra

3-1 (57. min) Gjertrud Blikra

Dommar: Svein Hægland, Avaldsnes

Raudt kort: Oda Kristin Ånensen, Åkra 2 (to gule)

Tilskodarar: 35

Hausten har meldt sin ankoms for alvor med kraftige regnbyger og krappe vindkast. Onsdagens kamp på Vikaneset i Skjold vart ein våt seanse for damene på dei to laga, medan publikum kunne gleda seg over tribune med tak.

Desse gutane i 10-12 årsalderen heia på Fjordar sitt damelag. Frå venstre: Kjell Ravn-Kalstveit, Lukas Dahl-Saravia, Theo B Kalstveit, Lucas J Moldestad, Harald Stuhaug og Markus Johnsen Johansen.

Dei frammøtte fekk med seg ein solid kamp av heimelaget, som sjølv med nokre forfall hadde grei kontroll på oppgjeret. Sigeren gjer at Fjordar toppar tabellen, og sjølv om det er mange lag hakk i hæl, vil dette bety ein haust i tetstriden for det gode damelaget.

Kalddusj

Kampen starta jamnt, der begge lag hadde sine forsøk framover. Åkra 2 lukkast på eitt av sine første angrep, å komme seg igjennom forsvaret, og putte ballen bak Silje Berge i Fjordar sitt mål. Heimelaget let seg ikkje stresse av dette, men fortsette berre med spelet sitt. Sjansane ville nok komme før eller seinare.

Omlag halvveges i omgangen, jobba Thea Karoline Blikra til seg ballen, men fekk skotforsøket sitt blokkert. Ballen fall i beina på Elise Andreassen Berge, som trilla ballen forbi keeperen og inn i målet.

Kampen bølga framleis noko fram og tilbake, men Fjordar byrja å få eit overtak. Lena Sjurseike var overalt på midtbana til heimelaget, og takla og sprang opp motstandarar. Thea Karoline Blikra var stadig frampå og rett før pause rakk ho ein ball før keeper, runda denne og sprang ballen i mål til 2-1 leiing.

Thea Karoline Blikra på farten. Ho var involvert i alle Fjordar sine mål denne kvelden.

Psykologisk viktig tidspunkt å ta leiinga på, og heimelaget kunne senka skuldrene før andre omgang.

Straffemål og god kontroll

Heimelaget hadde grei kontroll bakover det meste av den andre omgangen, og det skjedde noko mindre framfor dei to måla. Men Thea Karoline Blikra kom seg laus etter omlag timen, og vart dradd solid i trøya, og lagt i bakken inne i feltet. Dermed var det klart for straffe, og søster Gjertrud gjekk fram og sette ballen i mål frå 11-meteren.

Åkra 2 hadde ein stor sjanse mot slutten av kampen, men keeper Silje Berge redda meisterleg med ein fotparade. Fleire mål vart det ikkje, og Fjordar fekk sine høgst fortente tre poeng.

Godt samhald i laget

Trenar Erling Øygard var ein svært godt nøgd mann etter sigeren. Laget hadde hatt litt høge skuldre før kampen. Nokre spelarar kunne ikkje vera på kampen, og dei hadde lånt spelarar frå J17. Nokre måtte spele i uvante roller, men dei rutinerte spelarane drog med seg dei med mindre erfaring, og saman vart dei eit slagkraftig lag.

—Eg blir stadig vekk forundra over at spelarane på fleire av laga me møter, byrjar å kjekle innbyrdes under kampen, sa Øygard, som meinte at den positive haldninga til Fjordar er med på å vippe kampar i deira favør.

Elise Andreassen Berge skåra det viktige utlikningsmålet for Fjordar.

18-årige Elise Andreassen Berge som skåra det første målet for Fjordar, har spelt på laget dette året. Ho var glad for å sjå ballen gå i mål etter halvspelt første omgang.

—Den gjekk inn sjølv om eg skaut med feil fot», smilte ho etter kampen.

For Fjordar sine damer vert det ein spennande haust med fem kampar igjen å spele, tre av dei på heimebane. Neste kamp er borte mot Skudenes den 9. september.

Powered by Labrador CMS