Kristoffer Haraldseid er tílsett som ny sportssjef i FKH.
Arkivfoto: Magne Skålnes
Ferdig i Molde
Det bekreftar administrerande direktør i Molde, Ole Erik Stavrum, til lokalavisa Romsdals Budstikke. Vatsbuen blir dermed ståande med 28 seriekampar og eit mål for klubben.
Førebilete
Det var i februar i 2019 at Molde kjøpte Haraldseid. Gjennom godt spel for FK Haugesund og aldersbestemte landslag hadde vatsbuen gjort seg attraktiv for klubbar i både inn- og utland. Ingen overgangssum blei bekrefta, men Aftenposten og fleire medium spekulerte i ein kjøpssum på rundt fem millionar kroner.
Den første sesongen blei svært vellykka for både Haraldseid og Molde. Vatsbuen var fast på laget som tok sitt første seriegull på fem år. Året etter starta eit lengre skademareritt, då han røyk korsbandet i forkant av sesongen og mista heile året. Tilbakefall under rehabiliteringa gjorde at det ikkje blei spel i 2021. Heller ikkje i 2022 har Haraldseid komme på banen.
Sjølv om det ikkje har blitt speletid dei siste tre åra har vatsbuen markert seg positivt i Molde i den tunge perioden. I 2021 var han ein av ni spelarar frå Eliteserien og OBOS-ligaen som var nominert til MOT-prisen for årets modigaste fotballspelar. Haraldseid vann avstemminga i spelargruppa til Molde med klar margin. I grunngivinga for nominasjonen stod det:
Han har vært et sant forbilde for alle spillere i forhold til å spre positiv energi og sette laget foran seg selv i hele år. Kristoffer sine holdninger, både på og utenfor banen, har vært profesjonelle fra første dag til nå, og det er et eksempel på hvordan det skal gjøres som vil være vanskelig for noen andre å matche. Molde FK er stolt over å nominere Kristoffer Haraldseid til MOT-prisen 2021.»
Skreiv FKH-historie