Erik Rullestad har gjort ein god treningsjobb gjennom vinteren. Han har ein draum om å få sjå 30-minutterstalet i løpet av sommaren.
Foto: Svein Halvor Moe
Erik drøymer om 30-talet
— Eg ligg litt etter skjema ettersom eg fekk eit seks uker langt skadeavbrekk på seinvinteren. Det var etter at eg kom heim fra treningsleir i Portugal at eg fekk føling med skaden som førte til at eg måtte trene alternativt i halvannan måned. Det var bittert med tanke på at eg har gjort ein god treningsjobb gjennom hausten og vinteren, seier Erik som var skikkelig på gang då han blei tvungen til å ta ein ufrivillig pause.
Kometkarriere
Det lange avbrekket kjem nok til å påvirke tidene og prestasjonane på vårparten. For NM-innsatsen behøver det ikkje å ha noko å seia dersom Haugesund-løperen held seg frisk og skadefri framover.