Delte poenga i dramatisk kamp
Måla let vente på seg i kampen mellom Etne og Ølen fredag. Då skåringane først kom, vart det eitt til kvar, sjølv om Ølen fekk to mann utvist i naboduellen
Det var perfekte rammer på kunstgraset i Etne fredag kveld. Mykje folk, våt og regntung bane, men opphaldsvér under sjølve kampen. Det er alltid eit av høgdepunkta i den lokale 5. divisjonen når desse to laga barkar i saman. Ølen vann vårkampen 3-0 på heimebane, så det var Etne som hadde noko å revansjere.
Fysisk 1. omgang
Opningskvarteret var prega av høge skuldre, småtøffe taklingar, og sjansefattig fotball. Etterkvart kom begge laga til nokre halvsjansar. Etter halvspelt omgang kom Ølen til eit farlig skot, som barberte tverrliggaren. Bortelaget sin venstrekant Alexander Stene Krogh, fekk ein kjempesjanse etter 35 minutt, men han sette ballen til side for mål.
Etter 40 minutt kom Etne på ei god kontring etter at Ølen hadde corner, men Johan Grønset tuppa ballen på feil side av stolpen, om ein såg det med Etne-auger.
Det vart ingen mål i den første omgangen, men Ølen hadde eit lite overtak i banespelet.
Ølen såg raudt
Sjølv om kampen var hard, og det vart delt ut nokre kort, så vart det aldri direkte stygt i kampen mellom naborivalane. Det var bortelaget som sette inn dei tøffaste taklingane denne gongen, og etter 62 minutt fekk Håvard Vistnes sitt andre gule kort på kort tid, og dermed var kampen over for hans del. Etter den eine taklinga vart det frispark, som Peder Rygg Haugen sette i tverrliggaren. Med 11 mot 10, var det heimelaget som hadde eit overtak, sjølv om Ølen fortsatt var med på notane. Etter 76 minutt kom Johan Grønset åleine mot Ølen sin keeper, men det ville seg ikkje for Etne då heller.
Vondt gjekk til verre for bortelaget då Odin Tvedt Haarde gjekk ufint inn i ei takling, noko som resulterte i direkte raudt kort. Ølen måtte klare seg med ni mann dei siste ti minutta.
Endeleg kom måla
Med to manns overtall køyrde Etne på for å avgjere oppgjeret. Laget kom stadig i overtallsituasjonar, og i det 85. minutt greidde Thomas Lien å rulle inn 1-0 på iskaldt vis, då han etter godt Etne-press kom i ein god posisjon.
Heimelaget og dei som heldt med dei jubla kraftig for det som etter alle solemerker skulle gje Etne sigeren i oppgjeret. Kampen gjekk inn i overtida, og Ølen fekk eit frispark fra midtbana. Dette vart lempa fram i feltet, og der dukka Daniel Urdal opp.
Han fekk stussa ballen videre, forbi Lars Øvernes og inn i målet til utlikning. Då var det bortelaget som kunne juble. Dermed vart det poengdeling til slutt i det dramatiske oppgjeret.
Lite finspel
Ingen av laga var spesielt nøgde med det dei greidde å prestera i denne kampen. Etne-kaptein Tobias Grønstad Kristiansen sette ord på det like etter kampslutt.
— Me er på heimebane, og skal ta meir vare på ballen, og ha meir kontroll på kampen. Det greidde me ikkje, spesielt i første omgang, sa Kristiansen, som vedgjekk at det var surt å ikkje vinne kampen, då dei tok leiinga så seint i kampen.
— Me er elleve mot ni, så me bør ro det i land, sa ein sånn passeleg nøgd Etne-kaptein.
I Ølen-leiren var det naturleg nok meir lettelse over at dei greidde å utlikne på overtid, då dei hadde fått to mann utvist i andre omgang.
— Me er heller ikkje heilt nøgde med spelet vårt i dag. Det blir litt tut og kjør, og lite finspel, sa Ole Arne Pedersen etter kampen. Ølen-trenaren var nøgd med å få eitt poeng med seg, slik kampen vart.
— Me blir litt utålmodige, har litt høge skuldre, og utfører nokre taklingar som gjer oss desse korta, avslutta Pedersen.
Vedavåg Karmøy kjem til å vinne 5. divisjon, og Åkra 2 ser ut til å ta andreplass. Kampen om den tredje plassen er interessant. Det er samstundes kampen om å bli det beste laget på denne sida av Haugesund. Med sju kampar kvar igjen å spele, har Ølen 22 poeng, medan Skjold/Stegaberg og Etne har 20.
Neste kamp for Etne blir mot topplaget Vedavåg, heime på onsdag 17. september, medan Ølen tar imot Bremnes 2 mandag 22. september.