Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Hedda Gjerde jublar i ein kamp for TIF Viking. Foto: Andreas Kristoffer Berge
Hedda Gjerde jublar i ein kamp for TIF Viking.

Blant dei beste i landet

Publisert Sist oppdatert

— Det er vanvitig kjekt å få lov å trene med dei beste i Noreg. Å bli med på ei landslagssamling er eit stort mål eg har hatt heile vegen. Nå er eg veldig spent og nervøs, fortel Hedda Gjerde.

Vikedalsbuen spelar libero på banen. Årets sesong var hennar tredje i Mizunoligaen, den øvste serien i Noreg, for bergenslaget TIF Viking. Laget hadde ein historisk god sesong og blei nummer to i grunnspelet. Gjerde er storfornøgd og reflekterer over stor framgang sidan dei haldt på å rykke ned for to år sidan.

I år blei Mizunoligaen for første gong runda av med eit sluttspel, kalla Final Four, der dei fire beste laga i grunnspelet kjempa om medaljane. Sist helg tok Gjerde og lagvenninnene turen til Randaberghallen, der dei møtte Koll IL i semifinale fredagen. Dei tapte 3-1 i sett og måtte ta til takke med bronsefinale mot ØKSIL dagen etter. Der sikra dei bronsemedaljane med 3-0-siger. Gjerde synest det var ei kul oppleving å spele den avgjerande turneringa.

Powered by Labrador CMS