Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Daniel Holten på skåringslista i kveldens 4-2 siger mot Djerv 1919 3. FOTO: Magne Skålnes
Daniel Holten i aksjon for Ølen tidlegare i sesongen.

Årets første poengtap — framleis på topp

I årets fjerde seriekamp måtte Ølen IL sine beste menn gå av banen utan siger for første gong. Med 0-0 borte mot Stegaberg 2 på Frakkagjerd Stadion måndag kveld blir dei likevel liggande på topp av tabellen i 6. divisjon avdeling 4 med ti poeng. Poengdelinga må ha vore ein nedtur for serieleiaren som slo same motstandar 9-1 i årets første treningskamp.

Kopervik 2 og Falkeid kan gå forbi Ølen dersom dei vinn sine hengekampar seinare i sesongen. Før den tid tek Ølen imot Kopervik 2 til toppkamp heime på SR-Bank stadion kommande måndag.

For Vats 94/Skjoldar blei det ein brutal avslutning på måndagskvelden på Grinde kunstgras borte mot Skjold 2. Etter at Morten Frøland gav gjestane ei 0-1-leiing etter 17 minutt haldt dei på leiinga heilt til det 86 minutt då Mats Tryti Steinsland utlikna. Etter det lausna det for Skjold 2 med scoringar av Stian Tryti Steinsland til 2-1 minuttet etter og av Sindre Ragnvaldjord Kristiansen til 3-1 på overtid. Med tapet ligg Vats 94/Skjoldar på tredjeplass 7. divisjon avdeling. 3. Skjold 2 toppar med full pott etter fem kampar.

Powered by Labrador CMS