Gunvald Gundersen meiner Vindafjord kommune har gjort grove feil med omsyn til grensesetjing og vegrettar.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Vurderer nytt søksmål i vegstrid
— Alt som er gjort med vegen er ulovleg, seier Gunvald Gundersen og tordnar mot Vindafjord kommune som han meiner er skuld i både feil grensesetjing og godkjenning av naboen sin bruk av ein vegstubb Gundersen meiner naboen ikkje har rett til.
— Grensa blei greitt beskrive i 1958 under utskiftinga. Kommunen har ikkje dokument som seier at dommen frå 1958 er oppheva og korleis kan kommunen då gå inn og endra grensa. Og korleis kan kommunen nedgradera oss til å berre ha ein vegrett. Nå har kommunen flytta grensa midt i vegen. Det er feil. Grensa er også beskriven med gjerdeplikt og skal ein setja opp gjerde etter grensa blir gjerdet ståande midt i vegen, seier han og stiller spørsmål om det er lov av kommunen og endra på ei grense i ein rettskraftig dom.
Langvarig strid