Stormen på Vestlandet førte til at statsminister Jonas Gahr Støre måtte avlyse det planlagde besøket til Haugesund måndag. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB / NPK
Stormen på Vestlandet førte til at statsminister Jonas Gahr Støre måtte avlyse det planlagde besøket til Haugesund måndag.

Vêr og trafikk: Støre måtte avlyse Haugesund-tur

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) skulle til Haugesund måndag. Besøket vart likevel avlyst på grunn av uvêret på Vestlandet.

Publisert Sist oppdatert

Støre skal nemleg også til Stavanger, og frykt for at han ikkje skulle rekke dit, førte til at planane i Haugesund vart avlyste, skriv Haugesunds Avis.

– Dersom ferja over Boknafjorden hadde vorte innstilt eller forseinka, ville programmet til statsministeren også i Stavanger vorte avlyst, dermed dreg han direkte dit, seier Andreas Bondevik, rådgivar ved Statsministerens kontor.

Støre skulle mellom anna til Haugaland vidaregåande skule for å snakke med politi, skule og konfliktråd om ungdomskriminalitet.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS