Fenomenet Et lite stykke Etne» dukka opp for første gong i fjor, og blei utelukkande ein braksuksess. Med 136 betalade gjester, i all hovudsak kvinner som blei sitjande som sild i tønne, blei taket på tilgjengelege billettar i år sett til 112. Kari Janne Lye og Marlene Ness Lye frå Søstrene Lye, og Yvonne Sandgren frå Prikkar står i bresjen for arrangementet, og dei er overvelda over den gode responsen.
— Dette har gått mot all forventning, og me har fått mykje positive tilbakemeldingar frå salen. Det er kjekt, for bak dette arrangementet ligg det frykteleg mykje arbeid. Ikkje berre i forhold til moteshowet, men også det å sy saman moteshow, underhaldning og musikk, seier Kari Janne Lye engasjert