Grøn juleverkstad arrangert av Etne Hagelag
Aleksander Hovin var på ein slik juleverkstad for første gong, men truleg ikkje siste.
Grøn juleverkstad arrangert av Etne Hagelag
Sigrid Løvereide tok seg av kjøkenet denne kvelden, men er elles aktiv i hagelaget.
Grøn juleverkstad arrangert av Etne Hagelag
Anita Marvik Gjerde frå hagelaget i Vindafjord hadde tatt turen til Etne for kvelden. I bakgrunnen Kristin Silde Frønsdal (t.v) og Aleksander Hovin.
Grøn juleverkstad arrangert av Etne Hagelag
Konsentrert arbeid, men summinga av prat og latter var likevel tydeleg.

Vintergrønt og triveleg på grøn juleverkstad

Mange kom då Etne Hagelag inviterte til grøn juleverkstad sist veke. Det var stor overvekt av kvinner, men Aleksander Hovin representerte mennene på beste vis.

Publisert Sist oppdatert

På det eine arbeidsbordet i kjellarlokala på Rygg Bedehus var det lagt opp til kransebinding, og på det andre kunne ein laga såkalla mosekuler eller andre produkt med mose.

Aleksander Hovin byrja med å laga krans, men han skulle la sin eigen fantasi avgjera kva meir han skulle laga dersom det vart tid til det.

— Eg er her for første gang, og det er kjekt her, seier han.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS