Næringsliv
Vinn fram i tøff konkurranse
— Dette er slikt me likar å halde på med, smilar Toralv Tveit i Tveit Maskin.
Det er ein tidleg, haustklar og småkald måndag på tampen av oktober, og saman med anleggsleiar Dagfinn Eikehaugen Knutsen og maskinførar Erlend Hetland førebur han anleggsarbeid som skal ta til i krysset ved den fylkeskommunale Sandeidvegen og den kommunale Njordvegen. Her ventar det som skal bli ei solid oppgradering.
— Me skal utvide breidda i Njordvegen og byggje ei trafikkøy i midten, fortel han.