Villsvinet kan vise seg å vere eit miljøsvin, ifølgje ei gruppe forskarar.
FOTO: Kyrre Lien / NTB / NPK
Villsvin forureinar meir enn 1 million bilar
Forskarar ved The University of Queensland Australia og The University of Canterbury i New Zealand har sett nærmare på villsvins globale innverknad på utslepp av karbondioksid (CO2), skriv Nationen.
Utgangspunktet for påstanden om at villsvin forureinar meir enn bil, er at villsvin gjerne plogar opp bakken på jakt etter mat, seier ein av forskarane, Christopher O’Bryan, i ei pressemelding.
Samtidig frigjer dei CO2 som er bunde i bakken. Kvart år skal det vere snakk om kring 4,9 millionar tonn, noko som svarar til om lag 1,1 millionar bilar, hevdar forskarane bak prosjektet.