Mens alle piler peika nedover i olja starta tre unge skåneviksbuer ei verksemd med utgangspunkt i leveransar til nettopp offshoremarknaden. I ein plasthall på Leknestangen held verksemda Skånevik Marine Service AS, eller berre Skånevik Marine som er namnet dei profilerer utad, til. Der utfører dei service på hydraulisk utstyr og andre installasjonar på subsea-skip. I tillegg sel dei, monterer og utfører service på kraner på fartøy og installasjonar innan havbruksnæringa.
— Det byrja ganske tilfeldig då både bror min, Erik, og eg begge hadde lyst til å gjera noko anna enn det me heldt på med, fortel Jostein Lygre (29).
Eirik (33), og den tredje aksjonæren i Skånevik Marine, Jacob Ersland (35), hadde erfaring frå subsea-bransjen og fekk førespurnad frå nokre store kundar om dei ikkje skulle starte noko for seg sjølve. Saman diskuterte alle tre moglegheita.