Statsminister Erna Solberg (H) med distriktspolitisk utspel som inkluderer utflytting av statlege jobbar.
Foto: Thomas Haugersveen/Statsministerens kontor
Vil ta statlege jobbar ut i distrikta
Statsminister Erna Solberg (H) og distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland (H) presenterte måndag ein offensiv plan for å snu utviklinga i distrikt som slit med fråflytting og ein demografisk ubalanse med mange eldre i forhold til innbyggjartal. Gjennom tre strategiar; for småbyar, innlandet og kysten, peikar regjeringa på konkrete tiltak.
Stortingsrepresentant Liv Kari Eskeland (H) frå Stord opplyser til Grannar at kommunane må vera med å bidra for å lukkast, blant anna med å legga til rette for statlege og andre desentraliserte arbeidsplassar.
— Det er viktig at det offentlege viser veg. Difor vil regjeringa nå be alle statlege departement om å gå gjennom alle arbeidsrutinar med tanke på å finna fram til stillingar som eignar seg til å vera staduavhengige. Det same bør fylkeskommunane gjera, og det er ein viss sjanse for at konsern og andre store private arbeidsgjevarar vil koma etter. Då er det viktig at kommunen legg til rette for å ha kontorfellesskap for å samla eit miljø som kan ta imot statlege og private tilsette, seier Eskeland.