Elisabeth Vike Vardheim er konserndirektør for nett i Statnett.
Arkivfoto: Grethe Hopland Ravn
Vil styrka straumnettet
Statnett er eitt steg vidare i planane om å oppgradera straumnettet mellom Sogndal og Sauda, via Kollsnes. Dialog med aktuelle kommunar er i gang, og planane er å senda konsesjonsmelding og konsesjonssøknadar i 2023.
Elektrifiseringa og det grøne skiftet skyt fart og Statnett opplever stor pågang frå aktørar som ønskjer å knyta seg til sentralnettet over heile landet, spesielt rundt dei store byane. Behovet for meir straum i Bergen og områda rundt er stort. For å kunne knyta nye industriprosjekt til sentralnettet er det nødvendig å løfta nettet i regionen.
Et styrka sentralnett vil også bidra til å ivareta forsyningssikkerheit til husstandar og anna alminneleg forbruk. I samband med dette er Statnett i gang med fleire prosjekt for å styrka straumnettet.
— Det er vår oppgåve å legge til rette for at dei som ønskjer det skal få knyta seg til straumnettet. Når kapasiteten i det eksisterande nettet ikkje er god nok, må me søkja om å oppgradera det. No startar me dialogen med dei aktuelle kommunane og håpar at me kan sende melding og konsesjonssøknadar i løpet av 2023, seier konserndirektør for nett i Statnett, Elisabeth Vike Vardheim, i ei pressemelding.