Vil stoppe vindkraftparkar
Tysdag skal kommunestyret i Vindafjord behandle eit innbyggjarforslag om vindkraft. Mats Årvik (Frp) vil ha med seg resten av dei folkevalde på å seie nei til vindkraftparkar i kommunen.
— Dette er ei enkel sak for oss i Frp, seier gruppeleiar Mats Årvik, og viser til at dei har programfesta å vere mot vindkraftparkar.
Han viser til at partiet støtta prinsippvedtaket mot vindkraft i 2019.
Opnar for dei små
Bakgrunnen for at vindkraft skal opp i kommunestyret no, er eit innbyggjarinitiativ frå Motvind Tysvær, som dekker Vindafjord, Bokn, Karmøy, Haugesund og Tysvær. Vindafjord kommune fekk forslaget, som inneheld ein underskriftskampanje mot vindkraft med til saman 654 underskrifter den 12. september.
I teksten til underskriftskampanjen står følgjande
Takk! En singatur frå deg betyr at du er imot utbygging av vindkraft i vakre Vindafjord. Alternative energikilder finnes, det utan store inngrep i vår vakre natur. Lytt til folket, ikkje rasêr Vindafjord»
Årvik ønskjer å støtte innbyggjarforslaget og har lagt inn eit forslag til vedtak som lyder: Vindafjord kommunestyre seier nei til utbygging av vindkraftpark i Vindafjord.» Spurt om eit slikt vedtak også vil råke eventuelle gardsmøller og mindre prosjekt, svarar gruppeleiaren nei, og understrekar at det er derfor han eksplisitt har skrive "park" i forslaget.
— Me må ta vurdering sak for sak på dei små turbinane, til dømes noko ein bonde vil setje opp på garden sin. På dei store er det klart nei, seier Årvik.
Annleis enn Dommersnes
Gruppeleiaren ønskjer ikkje å ha noko formeining om kvar ein eventuell vindkraftpark vil ha størst konsekvensar. Generelt viser han til at på andre plassar har det fått store konsekvensar for dei som bur i nærleiken, samt at det har blitt store naturinngrep.
Saker der naturvern står opp mot andre interesser, kjem stadig opp i kommunestyret. Årvik seier at det skal bli spennande å sjå om han får med seg eit fleirtal på forslaget sitt. Sjølv har han vore blant dei lokalpolitikarane som har vore tydelegast på at han er positiv til Dommersnes AS/Windafjord Port sitt ønskje om å satse på Dommersnes industriområde i Vikebygd, som i utgangspunktet er tenkt til serieproduksjon til havvindnæringa. Han meiner det ikkje er noko motsetnadsforhold mellom dette og standpunktet hans om vindkraftparkar på land i Vindafjord.
Konkret interesse i Skjold
I saksinnkallinga opplyser kommunedirektør Yngve Folven Bergesen at Vindafjord kommune i dag ikkje har pågåande områdeplanprosessar om vindkraftutbygging, men kommunen har motteke eit innspel om vindkraftutbygging på Måkafjellet i Skjold til kommuneplanen sin arealdel (KPA). Kommunedirektøren vurderer at dette innspelet ikkje bør behandlast som ein del av den pågåande KPA-prosessen, ettersom ein treng meir detaljar om planane for å kunne ta stilling til dei.
Dersom ein utbyggar ønskjer å starte saksbehandling av eit vindkraftanlegg i kommunen, vil det bli behandla som ein områdeplan etter plan- og bygningslova, i tråd med ny rettleiar om kommunane si behandling av vindkraftutbygging (Planlegging og konsesjonsbehandling av vindkraftanlegg på land, 2024).
Folven Bergesen skriv at han er kjent med at det er interesse for vindkraftutbygging fleire stader i kommunen, utan at dette har resultert i formelle planinitiativ på det noverande tidspunktet. Kommunedirektøren er vidare kjent med at det er sannsynleg at det vil kome eit konkret planinitiativ for vindkraftutbygging på land i Vindafjord kommune i nokså nær framtid.