Agathe Børretzen.
Foto: Grethe Hopland Ravn
Vil starta lokallag for SV
Midt i koronapandemien pakka Agathe Børretzen flyttelasset, selde leilegheita i Bergen og kjøpte seg hus i Etne. Ei bygd ho aldri hadde budd i, men som ho likevel har hatt eit nært forhold til gjennom heile livet. Med ei bestemor i bygda, var det i Etne ho ville vera i alle feriar som strekte seg over tre dagar eller meir gjennom heile barndommen.
— Sjølv om eg har budd heile barndommen og ungdommen i Sandviken, og mitt vaksne liv i Loddefjord, har eg aldri sett på meg sjølv om byjente, seier Agathe Børretzen før ho inviterer på ein kopp kaffi i hagen sin. Eit anna lyspunkt i det nye tilværet: Eigen hage!
48-åringen er ei engasjert dame, som brenn for både gode oppvekstvilkår for barn og unge, eldrepolitikk og ikkje minst natur og miljø.