Vil leggje ned legekontor
— For at kommunen best mogleg skal ivareta sitt sørge for»-ansvar og tilby forsvarlege og stabile legetenester i Vindafjord kommune over tid, vurderer ein samla sett at dette blir best ivaretatt ved å ha to større legekontor i staden for tre, skriv kommunedirektør Yngve Folven Bergesen i ei saksutgreiing til formannskapsmøtet tysdag 14. oktober.
Med bakgrunn i dette tilrår han at kommunen legg ned Vikedal legekontor så snart det praktisk let seg gjera, men at det skjer i løpet av 2026. Dei andre legekontora i kommunen er Ølen legekontor og Vindafjord legesenter i Skjold.
Veka etter formannskapsmøtet skal saka opp i kommunestyret. Kommunedirektøren innstiller på eit vedtak som gir han fullmakt til å starte avvikling av legekontoret i Vikedal og overføre tilhøyrande legeheimlar til Ølen legekontor og Vindafjord legesenter.
Lite attraktivt
Etter dagens organisering skal Ølen legekontor ha fire legar, Vindafjord legesenter ha fire legar og ein LIS-lege (lege i spesialisering), medan Vikedal legekontor skal bestå av to legar. Folven Bergesen foreslår å flytte ein legeheimel til kvar av dei andre kontora ved nedlegging i Vikedal. Ved Vikedal legekontor har det no vore utlyst stilling som fastlege tre gonger gjennom over eit år utan at ein har lukkast med rekruttering av ny lege så langt. I tillegg blir den andre stillinga ledig frå medio oktober.
— Kommunedirektøren reknar det som sannsynleg at dette vil gjere det endå vanskelegare å rekruttere og få ei stabil legedrift ved Vikedal legekontor. Vidare drift må då bli avhengig av ytterlegare legevikar, skriv han.
Folven Bergesen peiker på at nye legar på arbeidsmarknaden i svært liten grad etterspør arbeid på denne typen legekontor. Det er manglande kapasitet til vegleiing, små forhold og sårbart ved fråvær. Han skriv at legar ynskjer å jobba i større legekontor der det er lettare å etablera eit breiare fagleg nettverk og tryggleik for god utvikling og rettleiing.
For pasientar som er avhengige av stabil og god legedrift, til dømes kronikarar og pasientar med alvorlege og langvarige sjukdomsforløp, vil det å forhalda seg til vekslande vikarar over lang tid ikkje vere eit kvalitativt godt tilbod, meiner kommunedirektøren. Han peiker på at ein i Vindafjord kommune over tid har rekruttert betre til legekontora i Ølen og Vindafjord legesenter i Skjold.
— Dette skuldast nok i hovudsak at dette er større legekontor med fleire legeheimlar, større fagmiljø og ei geografisk plassering som gjer det lettare å rekruttere dit, skriv Folven Bergesen.
Kvalitet det viktigaste
På sikt trur kommunedirektøren det vil vere noko rimelegare å drifte to legekontor i staden for tre. Vikedal legekontor driv i dag i leigde lokalar i Vikedal, denne husleiga vil på sikt gå ut i tråd med den leigeavtalen som er inngått, samstundes vil kommunen måtte auke leigeareal i det private legesenteret i Skjold. Det må også påreknast nokre kostnader til justering av legelokala i Ølen, dette er ikkje prissett enno.
Ein vil mest sannsynleg på sikt kunne drive med mindre hjelpepersonell enn i dag når ein går frå tre til to legekontor, men alle nåverande tilsette vil få tilbod om anna arbeid i Vindafjord kommune. Det som utgjer den største delen, er kostnaden av kontoret – driftsavtalar med legar og lønn til hjelpepersonell – men for legar sin arbeidsavtale vil det ikkje bli noko forskjell for kommunen om ein jobbar i Vikedal eller andre plassar. Den største løpande utgifta som ein ynskjer å unngå, er innleige av vikarlege i ledige legeheimlar.
— Det er likevel slik at det er rekruttering og kvalitet i tenestene som er avgjerande og som ligg til grunn for forslaget om å gå frå tre til to legekontor, skriv kommunedirektøren.
Respons frå unge legar
Kommuneleiinga har involvert det lokale fagmiljøet i prosessen. I eit ekstraordinært møte i lovfesta samarbeidsfora mellom kommune og fastlegane 17. september var deltakarane, ifølgje Folven Bergesen, positive. Hovudtillitsvald blei orientert i eit kontaktmøte 25. september, og det er gjennomført drøftingar med tillitsvalde 2. oktober 2025.
Ein uttale frå kommuneoverlege Terje Kleiven ligg vedlagt saka. Kleiven skriv at etter å ha drive rekrutteringsarbeid blant unge legar som ønskjer å arbeide som fastlege dei siste åra, er hans erfaring at ein etterspør:
- God organisering med høve til spesialisering, særleg avsett tid til vegleiing og ad hoc-vegleiing i det daglege. Kommunen har gode utdanningsplanar for LIS3, som inkluderer organisert vegleiing. Me greier ikkje å gje løpande ad hoc-vegleiing utan at det er ein erfaren lege knytt til kontoret.
• Større fagleg miljø for å sikre kontinuitet og stabilitet i kollegiet. Ølen Legekontor og Vindafjord Legesenter AS har i dag fem fastlegeheimlar, medan det berre er to heimlar i Vikedal. For unge legar verkar dette som for lite til at det er attraktivt å arbeide der.
• Løns- og arbeidsvilkår er viktig. Her har kommunen strekt seg langt, både når det gjeld tilsetjingsvilkår, rekrutteringstillegg og liknande.
• Listestorleik som ein kan leve med. Vindafjord har små pasientlister, noko som skulle vere attraktivt for unge legar.
Det siste året har kommunen rekruttert to LIS3-legar til Vindafjord legesenter og ein til Ølen legekontor, hovudsakleg ved å halde informasjonsmøte med aktuelle kandidatar som er busette, eller ønskjer å busette seg, på Haugalandet. Til Vikedal har dei ikkje lukkast.
— Geografien og organiseringa med eit lite kontor med få legar har vore hovudinnvendinga til aktuelle kandidatar, skriv Kleiven.
Vidare opplyser han at ved gjennomgang av pasientlister ser ein at mange busette i Sandeid, Vikedal og Imsland har fastlege ved Ølen legekontor eller Vindafjord legesenter. Det er også mange pasientar knytt til Vikedal legekontor som er busette spesielt i Vats.
— No, når me ikkje greier å rekruttere til ledig heimel, og den siste heimelen vert ledig frå 15.10.25, må kommunen ta stilling til korleis me organiserer fastlegetilbodet til pasientane knytt til dei to heimlane. Som nemnt ovanfor har det vist seg mogleg å rekruttere til dei større kontora i kommunen. Her bør kvalitet og kontinuitet leggjast vekt på, avsluttar kommuneoverlegen.