Siv Iren Børve Heddeland (t.v.), Håvard Vestbø og Halvor Helle Gundersen ønskjer ei utgreiing av kommunalt svømmeanlegg.Foto: Irene Mæland Haraldsen
Siv Iren Børve Heddeland (t.v.), Håvard Vestbø og Halvor Helle Gundersen ønskjer ei utgreiing av kommunalt svømmeanlegg.

Vil ha vurdert kommunalt bassenganlegg

Gjenoppbygging av Vindafjordhallen har sett diskusjonen om plassering av eit samla bassenganlegg for Vindafjord i sving. Nå ønskjer både grendelag, idrettslag og svømmegruppa i Ølen ei brei utgreiing før standpunkt blir tatt kor eit eventuelt samla kommunalt bassenganlegg skal liggja.

Publisert Sist oppdatert

I neste veke skal gjenoppbygging av Vindafjordhallen og vegen vidare opp i kommunestyret. I ei tilråding frå kommunedirektøren står det mellom anna at det blir tilrådd utgreidd eit samla bassenganlegg i kommunen, beståande av eit treningsbasseng og eit terapibasseng. Vidare heiter det at val av plassering blir bedt greidd ut med utgangspunkt i ein besøksanalyse, og ei vurdering av tomtealternativ. I utgreiinga må både omsynet til barn og unge i kommunen, reisetid, tomteforhold, infrastruktur for energi, behovet til helsetenestene og ønska til idretten bli vurderte.

Kommunedirektøren si tilråding fell i god jord for grendelaget i Ølen og Ølensvåg, Ølen IL og svømmegruppa i Ølen. Å drifta to svømmeanlegg i kommunen kan by på utfordringar og dei ser det som heilt nødvendig at saka blir breitt utgreidd før det endelege vedtaket om plassering av eit felles anlegg drifta av kommunen blir gjort. Dei er difor svært skuffa over at fleirtalet i formannskapet sa nei til tilrådinga.

— For raskt fram

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS