Vil ha trygg alderdom
— Ein bør byrje å tenke på å tilpasse bustaden sin eller finne passande bustader til eldre dagar tidlegare enn ein tenkjer no, seier Anne Brit Klungland i Pensjonistforbundet.
Ho har sjølv budd i ei praktisk leilegheit med alt på éin plan på toppen av Ølen Senter i over 20 år. Denne dagen har ho med seg Marvell Windsand Åsebø, Anne Karin Hårajuvet og Turid Mølstre Haugland frå forbundet for å snakke om eldrevennlege bustader.
Lettstelt
Forbundet meiner det er viktig at folk kan bu heime så lenge som mogleg. Tryggleik er avgjerande, og einsemd kan bli ei utfordring om eldre blir sittande åleine. Difor er dei positive til omsorgsbustader med bemanning, og løysingar som Vikedaltunet bufellesskap, som har 11 leilegheiter pluss ekstra felles stove.
Klungland, Windsand Åsebø, Hårajuvet og Mølstre Haugland bur i bustader der dei truleg kan bli buande livet ut om helsa held. Dei forklarar at eldrevennlege bustader kan ha ulike utformingar, men har felles trekk. To bur i hus og to i leilegheiter, men alle har alt på éin plan i kommunesenteret Ølen.
— Det er ein fordel er å ikkje ha for stor bustad. Du skal vaske og halde orden, seier Windsand Åsebø.
Blant viktige element i eldrevennlege bustader er store dører og låge dørstokkar.
Vil skape medvit
Pensjonistforbundet Vindafjord har rundt 80 medlemmar, derav 50 nye sidan oppstarten i juni 2024. Dei jobbar med kommunen om tilrettelegging for aldersvennlege bustader, gangvennlege samfunn og helse. Forbundet har møte i bygdene og driv opplysningsarbeid om kvardag, rettar og anna for eldre.
Denne dagen er kommunedirektør Yngve Folven Bergesen og kommunalsjef Halfdan Krohn Brekke for samfunnsutvikling med i leilegheita til Klungland. Dei lyttar til innspel og svarar på spørsmål.
Blant innspela er ønsket om å behalde bassenget i Ølen og få ein badebuss til Vats når Vindafjordhallen opnar. På forslaget om ei kommunal vaktmeisterordning fortel kommunedirektøren at dei vil sjå på erfaringane frå Sveio. Kommunen får òg ros for serviceinnstillinga og tilboda på Sjøperlo.
— Biblioteket er heilt fantastisk, seier Hårajuvet.
Ti millionar
For kommunen er det viktigaste at folk har det bra. Krohn Brekke peikar på at presset på kommunale tenester allereie er stort, og at det vil auke med den demografiske utviklinga.
— At folk kan bu lenge heime, kan avhjelpe presset, seier han.
I dag består bustadmassen i Vindafjord hovudsakleg av einebustader, medan det er få leilegheiter. Dette er eit viktig tema i kommunen sin arealplan. Krohn Brekke meiner einebustader er bra for dei som ønskjer det, men kommunen må òg leggje til rette for meir konsentrert bygging. Han understrekar at dette ikkje berre treng å vere i Ølen, men ser positivt på bygginga av leilegheitskompleks der for både unge, eldre og kommunen sine tenester.
I budsjettet for 2025 er ti millionar kroner sett av til kjøp av leilegheiter som kan utløyse prosjekt. Kommunalsjefen gler seg over midlane og vil sjå korleis dei kan brukast best mogleg.
Håpar på fullt hus
Dialogen mellom forbundet og kommunen har resultert i eit felles arrangement. Torsdag inviterer dei til ei samling med fokus på unge eldre sine bustadbehov på Sjøperlo i Ølen.
— Me håpar på stinn brakke. Folk kan kome, få informasjon, stille spørsmål og ta eigne val, seier Anne Karin Hårajuvet.
Seniorrådgjevar Linda Nordgreen i Husbanken skal fortelje om deira verkemiddel for å fremje gode bustader for eldre. Pensjonistforbundet skal dele erfaringar om å flytte frå einebustad til leilegheit. Krohn Brekke og kommunalsjef Sigurd Gjerdevik for helse og omsorg vil belyse utfordringar kommunen står overfor knytt til busetjing av eldre, samt kva verkemiddel dei vil ta i bruk for framtidsretta løysingar.
— Sigurd vil presentere funn frå rapporten til Agenda Kaupang, fortel Krohn Brekke.
Hausten 2024 la konsulentfirmaet fram ein rapport om kommunen sin ressursbruk og framtidige behov for heildøgns omsorgsplassar, omsorgsbustader og tryggleiksbustader.