Ola Skipevåg er ein av initiativtakarane til å få klatrevegg i Vikedal. Privat foto.
Ola Skipevåg er ein av initiativtakarane til å få klatrevegg i Vikedal. Privat foto.

Vil ha klatrevegg i Vikedal

Publisert Sist oppdatert

Ola Skipevåg er ein av fleire initiativtakarar som jobbar for å få klatrevegg i Vikedal. Det heile starta med ein gjeng som spelte bandy og tenkte at bygda kunne hatt fleire aktivitetar. Kort tid etter fekk dei ja frå Vikedal bygdehus og idrettslag til å ha klatreveggen i hallen. Nå gjenstår arbeidet med å skaffa midlar.

– Eg har klatra mykje tidlegare, og det hadde vore kjekt å ha det tilbodet her i Vikedal, seier Skipevåg.

Planen er å få klatrevegg i Vikedal idrettshall.

Målet er å skapa fleire aktivitetar for barn og unge, men også for vaksne i bygda. Tanken er at dei som har klatrekort skal kunna låsa seg inn og klatra når det passar dei. I tillegg vil dei tilby vekentleg klatring for barn og unge.

Førstkommande måndag held dei eit bygdamøte på bygdahuset for å informera om prosjektet. Dei håpar fleire vil engasjera seg og vera med i arbeidet framover.

Dei reknar med det vil kosta kring ein million for klatreveggen.

Slik kan klatreveggen i Vikedal bli. Teikning: Tjelmeland Friksjon AS
Teikning: Tjelmeland Friksjon AS
Powered by Labrador CMS