Tine er i dag klar marknadsleiar i meierisektoren.Foto: Berit Roald / NTB/ NPK
Tine er i dag klar marknadsleiar i meierisektoren.

Vil gjerne har større konkurranse i meierisektoren

NPK: Medan 98 prosent av mjølka som blir selt i Finnmark er frå Tine, er det nesten dødt løp mellom Tine og Q-Meieriene på Austlandet.

Det er sterk konkurranse mellom merkevarene også i landbruket. Q-Meieriene meiner konkurransesituasjonen er for svak, medan Tine meiner konkurransesituasjonen har utvikla seg kraftig, skriv Nationen.

Heile landet under eitt har Q-Meieriene ein marknadsdel på 28 prosent, medan Tine har resten. Q-Meieriene har størst marknadsdel i Vestfold, Akershus og Oppland, går det fram av tala.

— Der står vi side om side med Tine og konkurrerer. I dag har vi ikkje distribusjon til Troms og Finnmark. Det handlar om at vi ikkje klarer å halde mjølka haldbar lenge nok. I dag er haldbardatoen på mjølk berre inntil 15 dagar, så vi klarer ikkje den lange transporten, seier styreleiar Kristine Aasheim i Q-Meieriene.

Ho vil gjerne har større konkurranse i meierisektoren, medan Tine meiner at det er betydeleg konkurranse alt i dag.

— Enkelt fortalt er det slik at Tine definitivt har dei høgste marknadsdelane i klassiske distriktsfylke. Den enklaste grunnen til det er første og fremst at Q-Meieriene ikkje har valt å vere til stades i desse områda. Der vi kjempar om plassen og gunsten til forbrukarane, er historia ei heilt anna, seier kommunikasjonssjef i Tine, Ole Martin Buene.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS